Dei evige akkordane

Tim Showalter har fått med seg My Morning Jacket på den nye plata si.

Tim Showalter gav ut den første plata si for ti år sidan.
Tim Showalter gav ut den første plata si for ti år sidan.
Publisert Sist oppdatert

Det høyrest lågmælt og forsiktig ut idet dei første tonane av «Weird Ways», opningssporet på det nye Strand of Oaks-albumet Eraserland, strøymer ut av høgtalaren, som om Tim Showalter står der ganske så åleine på ein scene med gitaren sin, noko sårbar. «I don’t feel it anymore», syng han, i ei slags utmatta, emosjonell sjølverklæring.

Framifrå gitararbeid

Åleine slik er han likevel ikkje lenge, for etter eit minutt eller to opnar songen seg i eit stort, klangrikt rockeuttrykk, når backingbandet Showalter fekk med seg på Eraserland, kjem seg på plass, nemleg My Morning Jacket, minus frontmann Jim James.

Då gitarist Carl Broemel spurde medmusikarane Patrick Hallahan (trommer), Bo Koster (tangentar) og Tom Blankenship (bass) om å vere med og fekk ja, vart det nok avgjerande for korleis dette albumet til slutt vart. Ein song som «Keys» blømer i episk midttempoballaderi når akkurat dette bandet får hjelpe Showalter i mål. Det skadar heller ikkje at gjestande Jason Isbell leverer framifrå gitararbeid. Det er sein kveld, men sola har enno ikkje gått ned over denne typen rock, som alle rom på eit vis kjennest for små for.

Sist eg skreiv om Strand of Oaks på desse sidene, var sommaren 2014, då Showalter gav ut Heal, og eg fann grunn til å sjå utgivinga som del av ei meir omfattande revitalisering av americanauttrykket, der band som Adam Granduciels The War on Drugs og Matthew Houcks Phosphorescent har spela viktige roller. Mellom songane som fekk fleire runder i spelaren den sommaren, var Showalters Jason Molina-hyllest «JM».

Fin plate

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement