Dagen då du såg den døde kvalen

Harpisten Mary Lattimore utvidar spelerommet.

Mary Lattimore lagar instrumentalmusikk som har eit forteljande element, skriv Øyvind Vågnes.
Mary Lattimore lagar instrumentalmusikk som har eit forteljande element, skriv Øyvind Vågnes.
Publisert

Dei tindrande, klare tonane som møter lyttaren i «Pine Trees», det første sporet på Silver Ladders, Mary Lattimores nye album, har ei inviterande kraft, som om artisten forsiktig og med stødig hand leier oss inn i albumets eigenarta lydlege univers og ber oss om å vere med vidare. Det er det gode grunnar til å slå til på.

Openberring

Om du er berre litt som meg, så er det ikkje kvar dag du høyrer eit heilt album laga av ein harpist. Silver Ladders er ei aldri så lita openberring. Det er fascinerande når instrument ein kjenner frå rike, historiske musikktradisjonar, dukkar opp i nye og overraskande lydlandskap, og nye klangar ser dagens lys. Spelerommet vert utvida.

Då eg skreiv om plateaktuelle Kevin Morbys førre album på desse sidene då det kom ut i fjor, merkte eg meg korleis nøkkellåten «Piss River» bar markant preg av ein særleg viktig ingrediens, nemleg Lattimores elegante harpespel, som tangerte artistens rørsle frå det lågmælte til det ekstatiske på uhyre treffsikkert vis.

Det var ikkje første gongen eg hadde høyrt Lattimore setje eit avgjerande avtrykk på ein låt, eller skrive om det, for den saks skuld. Ho har dukka opp, igjen og igjen, på rett plass til rett tid, med folk som Sharon Van Etten, Kurt Vile og Thurston Moore, for å nemne nokre, i studio og på scenen.

Med seg på Silver Ladders har ho gitarist Neil Halstead (Slowdive), og det var i hans studio i Cornwall at albumet vart spelt inn.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement