Då Dylan
fann Jesus
Har Bob Dylan nokon gong sunge betre enn då han vart frelst?
Bob Dylan då han spelte i Drammenshallen i 1981. CD-boksen har songar frå den konserten.
Foto: Ann Dahl / NTB scanpix
Rock
Bob Dylan:
The Bootleg Series Vol. 13: Trouble No More 1979–1981
Columbia/Sony
Den 10. november 1981, for nøyaktig 36 år sidan i dag, leverte Bob Dylan ein av dei beste konsertane sine, i Saenger Theater i New Orleans.
Det meiner i alle fall Paul Williams, i det andre volumet av Bob Dylan: Performing Artist, ein boktrilogi som med utrøytteleg entusiasme nærmar seg smått og stort frå artistens side, med særleg vekt på sceneartisten Dylan.
Eg høyrer til mellom dei som las bøkene på 1990-talet, og fantaserte om konsertane Williams kanoniserte, basert på ein tilgang til uutgitte opptak ein berre kunne drøyme om på den tida. For å finne ut kva det gjekk i, måtte ein prøve å skaffe seg dei dyre piratplatene Williams skreiv om på postordre, fleire av dei med elendig lyd.
Då plateselskapet Columbia til slutt bestemte seg for å byrje å tene pengar på slikt materiale, kom CD-boksen Bootleg Series Volumes 1–3 (Rare & Unreleased) 1961–1991 (1991). Eg var ikkje åleine om mistanken om at den rikhaldige utgivinga berre representerte toppen av eit isfjell, noko Williams også stadfesta i bøkene sine.
Flott lydkvalitet
Tjueseks år seinare er volum 13 av Bootleg Series ute, med tittelen Trouble No More, og vi er komne fram til Dylans såkalla kristne periode, åra som for alvor skapte identitetsproblem for trufaste lyttarar. På studioplatene Slow Train Coming (1979), Saved (1980), og Shot of love (1981) stod artisten fram som frelst og hypp på å evangelisere, ikkje minst på glødande konsertar med framifrå musikarar som Jim Keltner (trommer) og Spooner Oldham (tangentar) i rekkjene.
Internettet transformerte etter kvart tilgangen til piratopptak og gjorde det nesten litt for enkelt å forsyne seg frå buffeen. No er det meste berre nokre tastetrykk unna. Kanskje er det nett dette som paradoksalt nok gjer Trouble No More til slik ei verdifull utgiving – saman med den flotte lydkvaliteten.
Om du vel utgåva med eit par CD-plater, til eit par hundre kroner, betaler du til dels for utvalet kvalifiserte lyttarar har gjort for deg, frå eit mildt sagt omfattande arkiv. Vel du utgåva med 103 spor over åtte CD-plater, som vil koste deg nærare to tusenlappar, får du nyskriven essaystikk av ypparste klasse, og eit meir autentisk inntrykk av korleis det var å gå på konsert i desse omveltande åra.
Dylanologar diskuterer nok i skrivande stund kvifor ikkje New Orleans-opptaket er med. Finst likevel ikkje dette ferdig miksa av Daniel Lanois, slik det har gått rykte om i årevis?
Meir å hente
Sjølv vel eg å nyte dei lysande stundene som finst på deluxeutgåva av Trouble No More. Det går an å skjøne at somme meiner Dylan aldri har sunge betre. Høgdepunktet for min del kjem med «Caribbean Wind», ein song som berre har vorte framført éin einaste gong på konsert, den 12. november 1980. Det seier ein del at Dylan ikkje fann plass til studioversjonen på studioplatene, men først lét han vere med på lasset på samleboksen Biograph (1985). For er det éin ting Bootleg Series-utgivingane held fram med å fortelje oss, er det nett dette: at det alltid er meir å hente i det omfangsrike Dylan-arkivet.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.