Coltrane såg attende

Ei 55 år gamal innspeling er endeleg utgjeven.

Publisert

Soga om korleis denne plata blei til, og gjeven ut 55 år etter, er nesten betre enn musikken ho inneheld. Den canadiske filmskaparen og Coltrane-blodfan Gilles Groulx var i ferd med laga filmen Le chat dans le sac. Gjennom kjenningar som kjende Jimmy Garrison, fekk Groulx spurt Coltrane om å laga filmmusikken. Den 24. juni 1964 gjekk kvartetten i Van Gelder Studio og spelte inn fem låtar frå ei lang ynskeliste Groulx hadde med. Etter innspelinga var ferdig, og utan at plateselskapet var informert, drog Groulx attende til Montreal med opptaket. Med unnatak av det vesle som blei nytta i filmen, har musikken vore gøymd i arkiva til den statlege filmorganisasjonen i Canada fram til no.

Det spesielle med musikken på denne plata er at ho berre inneheld musikk Coltrane hadde spelt inn før. «Traneing In» er henta frå John Coltrane with The Red Garland Trio (1958), medan «Blue World» (eigentleg «Out of This World») er henta frå 1962-plata Coltrane. Sistnemnde illustrerer ei side av innspelingsøkta. Her er rett og slett ikkje så mykje som står på spel. I den 14 minuttar lange versjonen frå 1962 endevender Coltrane låten med god hjelp frå Elvin Jones. På Blue World knyter han saman det melankolske frå temaet og slutten på koret i 1962 til ein seks minuttar lang versjon. Å høyra «Traneing In» i ei innspeling frå 1964 viser kva musikalsk omvelting Coltrane hadde vore gjennom. Dessutan byr Garrison på eit velformulert basskor.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement