Chrome Hill noir

This is Chrome Hill er mangfaldig plate med patina av tristesse.

Publisert

Chrome Hill er ute med den fjerde plata si sidan debuten i 2008. Asbjørn Lerheim er ein spanande komponist, og bandet har utvikla ein sound som er lett attkjennande. This Is Chrome Hill er meir variert, men også mørkare og meir mollstemt enn The Explorer (2018). I fleire sekvensar er musiseringa friare både rytmisk og harmonisk enn det eg har høyrt frå bandet tidlegare. Det er med andre ord ei plate som avslører nye sider ved kvar gjennomlytting.

Arrangementa har dei utvikla kollektivt, og ved nokre høve har dei verkeleg treft blink. Både første og siste låten set på insisterande vis dette mørke meditative preget som er der i større og mindre grad plata igjennom. I opningslåten «Clockwork» skrid dei fram i ein langsam prosesjon med ein særs effektiv bruk av pausar. Etter kvart løyser det seg meir og meir opp, og Lerheim eksperimenterer både med mikrotonalitet og klangregister som berre han kan. Det endar i ein støysekvens som vakkert glir over i ein av dei meir «konvensjonelle» låtane på plata, «Limbo», med ein Nymo i lange drag på tenorsaksen. Anar ein inspirasjon frå ein tidleg Garbarek eller Gato Barbieri?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement