Cashland
Ei ny bok viser at fankulturen rundt Johnny Cash er markant global.
Johnny Cash på eit speleoppdrag.Johnny Cash på eit speleoppdrag.
Foto: Johnnycash.comFoto: Johnnycash.com
Musikkhistorie
Johnny Cash på leggen? Til ein tenåring? Kanskje i Nashville, tenkjer du, eller i ein eller annan avkrok i dei amerikanske sørstatane. Men nei, då tek du feil, for vi skal til den søraustre delen av vårt eige, langstrakte land, nærare bestemt til Tomb, i Østfold.
Det var hit Fulbright-forskaren Jonathan Silverman kom, i 2008, då fylket Viken enno ikkje fanst, for å halde skuleføredrag, slik det er vanleg å gjere for slike gjesteforskarar. Amerikanaren var rundt på mange skular det året og tilbaud ei rekkje alternative føredragstema, men berre eitt var meir populært enn Johnny Cash i valåret 2008, nemleg det amerikanske valsystemet.
Anekdote
At ein norsk gut i eit klasserom skulle trekkje opp buksefoten og vise fram ei Cash-tatovering, overrumpla nok Silverman, og fekk han til å tenkje på kva slags ytring det eigentleg dreidde seg om. Var det ein protest? Ei markering av tilhøyrsle?
Anekdoten får ein sentral plass i Johnny Cash International: How and Why Fans Love the Man in Black, boka Silverman har skrive saman med forskarkollega Michael Hinds, ei livleg utforsking av fankulturen som omgir ein av dei verkeleg store profilane i populærmusikkens historie. Kvar finst denne kulturen? Overalt, viser det seg, for skulebesøket er illustrerande, snarare enn eit unntak.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.