Callahans gullplate
Bill Callahan er ein fantastisk låtskrivar.
«I protest his protest song/ I’d vote for Satan/ If he said it was wrong», syng Bill Callahan på den nye plata si.
Foto: Gillen / Drag city
Er du typen som gøymer deg bak gardinene når du får auge på naboen utanfor?
Det gjer forteljaren vi møter i «The Mackenzies», ein av låtane på Bill Callahans tørrvittig titulerte Gold Record, som er ute denne veka: «I’m the type of guy who sees a neigbour outside/ and stays inside and hides.»
Ein invitasjon
Men somme gonger vert vi tvungne til å bryte med dei store og små regima vi innordnar våre eigne levesett etter, og tidvis kjem det til og med ei god forteljing ut av det. Kor mange noveller sirklar vel ikkje rundt ein dag som brått vert unik, fordi noko uvanleg hender? Det overraskar ikkje når det kjem fram i presseomtalar at Callahan mellom anna let seg inspirere av Robert Altmans frie filmatisering av Raymond Carver-noveller i Short Cuts (1993).
I «The Mackenzies» dreier det seg om eit bilhavari, for det er slik forteljaren møter naboane, som han aldri har snakka med før, med det utfallet at han plutseleg får ein invitasjon han må svare på. Rett triveleg vert det, og etter eit par øl kan han ikkje seie nei til middag. Det vert ein lang kveld, for det verkar som det gamle ekteparet ikkje vil la han gå. Eit tomt rom, innreidd som eit slags museum etter ein son vi skjøner dei har mista, set heile kvelden i eit nytt lys.
Heimens rom
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.