Bygdedyret

Bergen Nasjonale Operas oppsetjing av fiskaroperaen Peter Grimes fekk fram det universelle i Brittens storverk.

Individet andsynes dei hine: Den desperate fiskaren Peter Grimes (tenoren Stuart Skelton) manar læreguten sin til tagnad.
Individet andsynes dei hine: Den desperate fiskaren Peter Grimes (tenoren Stuart Skelton) manar læreguten sin til tagnad.
Publisert

Som ein salt brottsjø slo Benjamin Brittens Peter Grimes, op. 33, inn over Londons operapublikum fredssommaren 1945. Ikkje sidan Georg Friedrich Händels tid hadde nokon komponert så musikalsk effektfullt og psykologisk innsiktsfullt for kor i England. Og sidan Händel strengt teke var tyskar, måtte ein endå lenger tilbake, til Henry Purcell på slutten av 1600-talet, for å finna ein komponerande brite av same kaliber. Kva var det som gjorde verket, som somme ser på som 1900-talets beste opera, så unikt?

Buldrande blåmyr

Ein ting er det reint musikalske. Den då knapt 30 år gamle Brittens virtuose orkestreringskunst manar på impresjonistisk vis fram inntrykk av det kystlandskapet handlinga går føre seg i. Dette gjeld særleg mellomspela, som han seinare samla til det sjølvstendige orkesterverket Four Sea Interludes, op. 33a. Så verknadsfullt målar han her den blå timen over stranda og dei stigande dønningane at lukta av saltvatn og tangklasar nærast riv i nasen. I særklasse står mellomspelet «Dawn», for ingen komponist eg kjenner, har greidd å skildra tagnad på denne måten – å uttrykkja det lydlause med lyd er ei bragd.

Men det som gjer Peter Grimes eineståande som opera, er måten Britten får til syntesen mellom ord og tone på, mellom dramatikken og musikken. Gesamtkunstwerk kalla Richard Wagner dette, eit «totalkunstverk» som Bergen Nasjonale Operas oppsetjing lukkast med å få i stand i Grieghallen torsdag førre veke. Bergen Filharmoniske Orkester var på sitt beste, med lytefritt samspel, varierte klangfargar og lange, dynamiske spenn. At dette er klanglege landskap den engelske sjefdirigenten Edward Gardner kjenner seg heime i, var tydeleg frå fyrste taktslag.

Fyrste dødsfall

Framføringa var det me kan kalla «halvscenisk» – songarane agerte som skodespelarar framfor orkesteret, men det var minimalt med scenerekvisittar og kostyme. Likevel kjendest det som å bli teken attende til Englands austkyst i byrjinga av 1800-talet, til fiskarlandsbyen Borough, der folk er rivne mellom sorg, sinne og hemnlyst.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement