Byen og skogane

Jon Hopkins lèt seg inspirere av motsetjingane i det moderne tilværet.

Bilete frå musikkvideoen som følgjer låten «Emerald Rush».
Bilete frå musikkvideoen som følgjer låten «Emerald Rush».
Publisert

Første gongen eg lytta til Jon Hopkins’ nye album Singularity, stod brått trettenåringen i døropninga med ei uroleg mine i andletet. Han lurte på om ei midtlivskrise hadde drege meg ut av den sedvanlege, sidrumpa americanaen og kasta meg lukt inn i technomusikken. Suggererande kaskadar av lyd frå tittelsporet slo gjennom og fylte rommet.

Men alle som kjenner til Hopkins, veit at han lagar instrumentalmusikk for høyretelefonfolket vel så mykje som for dansegolvet: for dei som vandrar rundt i tungt trafikkerte gater pakka inn i store øyreklokker, og som tilsynelatande ikkje lèt seg affisere av noko som helst – dei som har lært seg å navigere gjennom allslags virak med ei kontemplativ mine som tyder på at dei likevel er på sin eigen planet.

Kontrastrik

Singularity er kontrastrik, for etter ei opning som får alle byens gater til å kjennest som tronge dansegolv, går albumet over i noko meir svevande og meditativt, frå og med det femte sporet «Feel First Life», og gjennom siste halvdel, med eit mogleg høgdepunkt i tolv minutt lange «Luminous Beings». Halvvegs flyttar altså Singularity hovudvekt over i noko meir organisk, og pianoet får spele ei sentral rolle. Bruken av kor i «Feel First Life» får midtsporet til å likne på eit orkesterverk.

Fleire vil kjenne Hopkins frå tida i Imogen Heap, eller frå samarbeid med folk som Brian Eno og Coldplay. For underteikna er plata han laga saman med King Creosote, Diamond Mine (2011), ei av dei sterkaste utgivingane dei siste ti åra – eit musikalsk møte som på overflata kunne verke usannsynleg, men som når alt kom til alt, var perfekt. King Creosote var også med på Immunity (2013), som stadfesta Hopkins’ posisjon som soloartist, utan at han fekk det for travelt. Han skulle altså la det gå fem år før neste album under eige namn kom ut.

Heilskapleg

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement