Musikk
Bulgarsk vestkystjazz
Hristo Vitchev Quartet bør ein absolutt sjekka ut, og dette er plata å byrja med.
Hristo Vitchev kjem frå Sofia i Bulgaria. I dag er han busett og har sitt musikalske virke i San Francisco-området. Verksam er han i aller høgste grad med ni CD-ar i eige namn sidan han etablerte kvartetten i 2009. I tillegg til å vera travel gjest i ymse studio har han bak seg eit hektisk turnéliv som har ført han til mange leiande jazzfestivalar verda rundt. Samstundes får han tid til undervising og lærebokskriving. Ein mann utan fritidsproblem, med andre ord.
Telepati
Samspelet har det telepatiske over seg som berre ti års samspel kan framkalla. Spesielt gitar og piano har ein kommunikasjon som gjer at dei på intrikat, men fritt vis kan veksla mellom å kompa og spela melodilinja. Singh har vore aktiv pianist og komponist i Monterey-område heilt frå 1990 fram til 2008, då han flytta til Vancouver. Han kjem eigentleg frå Rio de Janeiro og heitte opphavleg Weber Ribeiro Drummond.
Metheny-inspirert
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.