JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Bugge Wesseltoft i trioformat

Samarbeidet med Dan Berglund og Magnus Öström fungerer på alle plan.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1846
20190201
1846
20190201

Jazz

Rymden:

Reflections And Odysseys

Bugge Wesseltoft, piano; Dan Berglund, bass; Magnus Öström, trommer. Jazzland Recordings 377 920 6

Når dei to attlevande medlemmene av Esbjörn Svensson Trio (e.s.t.) slår seg saman med vår eigen tangentpioner Bugge Wesseltoft, stig forventningane. Trioen Rymden har alle kjenneteikn på ein all star-konstellasjon. Om nokon har hatt forventningar om at dette skulle bli eit nytt kapittel e.s.t., så har dei gjort opp rekning utan vert. Wesseltoft har for vane å driva med alt anna enn epigoneri. Likevel kan ein finna likskapstrekk. Låtar som «Bergen» og «Homegrown» har ei stram form og kan minna om den heilsvenske trioen.

Wesseltofts initiativ

Trioen har kome i stand på initiativ frå Wesseltoft. Han hadde lyst å spela i ein jazztrio att. Han skal alt ha spelt inn ei plate med amerikansk bassist og trommeslagar, og no altså Reflections And Odysseys med komposisjonar frå alle tre. Dei spenner frå finurlege miniatyrar til mektige, rocka manifestasjonar der dei brukar Svenska Grammofonstudion i Stockholm i fullt mål.

Melankolsk

Plata inneheld også melankolske balladar som gjev rikeleg rom for solistisk utfalding som i «The Lugubrious Youth Of Lucky Luke» og den klangleg søkjande «The Celestial Dog And The Funeral Ship» ­– sistnemnde med eit overveldande parti strykebass av Berglund og ditto frå Wesseltoft på piano. Han serverer også det mest delikate koret på plata i Berglunds «Pitter Patter». Det er ikkje mange som får så grom lyd av ein Fender Rhodes som Wesseltoft. Det norsk-svenske samarbeidet fungerer på alle plan. Reflections And Odysseys er blitt nett så variert og inspirert som ein kunne vona på.

Lars Mossefinn

Lars Mossefinn er lærar ved Voss gymnas og fast jazzmeldar
i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Paal Audestad

BokMeldingar

Ho som får ting til å skje

I Jægtnes’ fantasifulle soge går fakta og fiksjon opp i ein medrivande heilskap.

Hilde Vesaas

Donald Trump talar til tilhengarane i Traverse i Michigan 25. oktober.

Foto: Jim Watson / AFP / NTB

Samfunn

Trump ord for ord

Kva seier Trump på folkemøta? For å få eit inntrykk av kva han vil formidla til møtelyden, trykkjer vi den første delen av talen han heldt i vippestaten Michigan førre helg.

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis