Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Brittanys song

Brittany Howards første soloalbum er ei av dei viktigaste platene i 2019.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2759
20190927
2759
20190927

Americana

Brittany
Howard:

Jaime

Sony

«I just don’t want to be back in this place again», heiter det i den aller første lina i «History Repeats», opningssongen på Jaime, det nye albumet til Brittany Howard. Orda gjer krav på konsentrert merksemd. Det dreier seg om ein artist som har noko viktig å melde.

Frå tid til anna kjem det ei plateutgiving som er så mykje meir enn det. Ei kulturell kraft er mobilisert på akkurat rett stad til akkurat rett tid. Jaime er ei slik utgiving, eit album som grip inn i si eiga samtid og vil verke formande for mange av dei som vel å lytte til det.

Frigjering

Howard er nok kjend for somme lesarar som vokalisten i Alabama Shakes, eit band som har vore i stand til å ta vare på soultradisjonen samstundes som dei har utvikla han vidare, steg for steg, med tyngd og integritet. Musikken har kopla generasjonar av lyttarar saman.

Når Howard no gir ut Jaime, skjer det i forlenginga av dette arbeidet, men denne gongen dreier det seg likevel om noko heilt anna. Plata er nærast å forstå som eit identitetspolitisk manifest der låtskrivaren og songaren Howard insisterer på ei frigjering som menneske og artist.

Frigjering frå kva? Jaime ber bod om eit brot, eit stort brot, med dei kreftene som har avgrensa spelerommet til Brittany Howard og snevra inn det ytringsrommet ho no så kraftfullt gjer krav på.

Brot

Plata er eit brot med sørstatskonteksten som har vore sentral for det musikalske uttrykket til Alabama Shakes, for no er Howard lei av den så altfor levande rasismen som stadig kjem til uttrykk i heimstaten Alabama, av dei regressive kreftene som kvar dag dreg alt i feil retning. Ho har flytta bort, i konkret, geografisk forstand, og i metafysisk forstand, ei forflytting det er umogleg ikkje å sjå i lys av Trump-regimets systematiske forvitring av alle fleirkulturelle ideal.

Jaime insisterer også på artistens rett til sin eigen seksualitet, og, som ikkje alt dette var nok, retten til å få gi uttrykk for sin eigen religiøsitet, slik han kjem til orde i det markante sporet «He Loves Me».

For å gi lyd til alt dette har Howard alliert seg med eit par gamle kameratar i Alabama Shakes og sentrale jazzaktørar som trommisen Nate Smith og pianisten Robert Glasper. I spor etter spor høyrer vi elles ekko av Prince, ein artist som rett og slett har medverka til at prosjektet Jaime er slik det er. Det er alt dette, i sum, som gjer Jaime til ein reartikulasjon av det vi no, i 2019, skal forstå som «americana», ei sjangernemning som er i ferd med å gå i spagat, men som også er posisjonert slik at ho kan verte revitalisert med stor verknad.

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Gjermund BakkeliHaga

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis