Brest i skydekket
Engegårdkvartetten spelar Mozarts «Haydn-kvartettar» med omskifteleg temperament.
Engegårdkvartetten spelar tre av Mozarts «Haydn-kvartettar».
Foto: Espen Mortensen
Wolfgang Amadeus Mozart (1756–1791) la seg spesielt i selen med desse seks strykekvartettane sine, som han gav ut som opus 10 i Wien i 1785. Han dediserte nemleg samlinga til venen og mentoren Joseph Haydn (1732–1809), som meir enn nokon annan var i stand til å døma den kompositoriske kvaliteten. For Haydn var den klassiske strykekvartettens far; han hadde utvikla denne musikkforma for to fiolinar, éin bratsj og éin cello til den edlaste innan kammermusikken.
Fornuftig samtale
Viset Engegårdkvartetten spelar dette Mozart-opuset på, som har fått namnet «Haydn-kvartettane», lever opp til slik Goethe i 1829 definerte strykekvartettens kompositoriske ideal: «Me høyrer fire fornuftige menneske konversera, meiner å få noko ut av diskusjonen deira og å læra noko om det særmerkte ved instrumenta.» For Engegårdkvartetten, som sidan skipinga i Lofoten i 2006 har avansert til å bli ein av Skandinavias fremste i sitt fag, får verkeleg til musikalske samtalar.
Eit godt døme er fyrstesatsen «Allegro moderato» frå Strykekvartett i nr. 15 i d-moll, KV 421/417b, som er det einaste stykket i moll: I opninga, i det me kallar «hovudtemaet», tek fyrst fyrstefiolinen til orde. Med veik røyst kjem han med ein sørgjeleg bodskap som dei andre instrumenta liksom ikkje fattar alvoret i. For å presisera ser fyrstefiolinen seg difor nøydd til gjenta bodskapen ein oktav høgare, denne gongen i forte («sterkt»). Fyrst no skjønar andrefiolinen kva som står på spel, og snart tek også bratsjen poenget.
Vridande dissonansar
Sistesatsen «Allegretto ma non troppo» i denne d-mollkvartetten er mellom dei mest melankolske på plata. Det er ein variasjonssats med eit musikalsk tema som blir skifterikt repetert i fem omgangar, og der einskildinstrumenta i tur og orden briljerer – jamfør Goethe får me her «læra noko om det særmerkte ved instrumenta». Heldigvis gjev Mozart moll-misera ein lukkeleg slutt, for i dei siste taktane breier ein vonfull durakkord seg, eit parti Engegårdkvartetten spelar med herleg lys og luftig klang.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.