Brennheitt beatbuskas
Flamagra er ei mangesidig plate inspirert av eld.
Når eg stundom køyrer rundt i eit fiksjonalisert Los Angeles i dataspelet Grand Theft Auto V, er det helst stasjonen FlyLo FM eg stiller bilradioen inn på. Der er spelelista sett saman av den LA-baserte artisten og produsenten Steven Ellison – grandnevø til jazzpianisten Alice Coltrane – betre kjend under artistnamnet Flying Lotus. Uansett om det er samanheng mellom genetikk og musikk, er den nye plata hans noko alle med interesse for funk, soul, jazz og hiphop bør stifte kjennskap med.
Flamagra inkluderer mang ein prominent gjesteartist, til dømes nyfusionbassisten Thundercat, den afrofuturistiske hiphopduoen Shabazz Palaces og P-Funk-legenda George Clinton. Sistnemnde er med på «Burning Down The House», ei låt som kunne blitt sniken inn på David Bowies dystopiske Outside-album utan at nokon ville løfta eit augnebryn. Outside er plata som inneheld «Deranged», kjend frå opningsscena til David Lynchs Lost Highway, og flammetematikken på Flamagra er visst dels inspirert av ei forteljing fortald av Lynch på ein fest. Denne soga er gjentatt på sporet «Fire Is Coming».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.