Brennheite afrobeats

Burna Boy kokar i hop medrivande og viktig afro-fusion.

Burna Boy er ein afrikansk gigant, seier han sjølv.
Burna Boy er ein afrikansk gigant, seier han sjølv.
Publisert

Allereie i Nok-kulturens tid (ca. 1500 fvt. – 500 evt.) fanst det handelsruter mellom Nigeria og Europa. Den nigerianske artisten Burna Boys’ første utkast til utsida av Afrika var fjorårets Outside, men det er først no, med fjerdeplata African Giant, at det byrjar å demre her nord kor heit denne guten frå Vest-Afrika faktisk er.

Afrikansk gigant

Han lét sjølv vesten få høyre det på sosiale medium tidlegare i år, etter at han blei lista med medium små eller store bokstavar på Coachella-festivalens lineup: «I am an AFRICAN GIANT and will not be reduced to whatever that tiny writing means.» Sånn skal det låte. «If it’s positive energy it’s positive energy, you know... It doesn’t matter what it is you’re saying in your songs», seier han i eit videoklipp på lyrikknettstaden Genius.com. «I kinda just enjoy the entertainment

Og underhaldande er musikken hans definitivt – eg blir stadig trekt tilbake mot dansegolvet her. Men tekstane er òg svært interessante. Levert på ei blanding av engelsk, naija, yoruba og mogelegvis andre nigerianske språk, handsamar dei eit breitt spekter av personlege og politiske tema, mellom anna i Different, ein trio om forskjellar med sjølvaste Damian Marley og Angelique Kidjo.

Brennaktuelt

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement