Brando og bibelskule

Lucy Dacus byr raust på eigne ungdomsminne på sitt tredje album.

Lucy Dacus byr på presise, slåande skildringar i tekstane sine, skriv Øyvind Vågnes.
Lucy Dacus byr på presise, slåande skildringar i tekstane sine, skriv Øyvind Vågnes.
Publisert

«Brando», ein av låtane på albumet Home Video, som Lucy Dacus leier oss inn i sommaren med, er eit herleg slagferdig karakterportrett av ein gut ho var mykje saman med i tenåra, som nok fekk føre seg at han kjende låtskrivaren langt betre enn han eigentleg gjorde.

Tida er tydelegvis kommen for å jamne ut dette biletet litt, og berre nokre liner skal til før vi forstår kva type det dreier seg om. Dacus er ein av desse artistane som kombinerer ei eiga observasjonsevne med presise, slåande skildringar – i dette tilfellet av ein ung mann som var ganske full av seg sjølv, og som når han trudde han var på sitt mest sjenerøse, kanskje var nett det motsette: «You called me ’cerebral’/ I didn’t know what you meant/ But now I do, would it have killed you/ To call me pretty instead?»

Godt og pinefullt

Fleire av songane på Home Video tek oss med til ungdomstida i Richmond i Virginia og er ganske typiske for vår eiga samtid ved at dei latar til å ha ganske openberre sjølvbiografiske trekk. Dei er ærlege, fulle av liv og humor og utstyrte med det same blikket som det vi møter i «Brando», der det viser seg at ein som ser seg sjølv som Marlon Brando, fort ikkje lever opp til sitt eige sjølvbilete. Eg trivst i selskap med albumet, som balanserer det nostalgiske med det lakoniske på elegant vis, samtidig som det er nært og varmt. Det er slik det kjennest å tenkje tilbake, det er godt og pinefullt og rart.

Ta «VBS», der Dacus mimrar om ein bibelskule (Vacation Bible School) dei kristne foreldra hennar sende henne på i feriane, der uskuldige ungdommar prøvde å vere ville og sniffa muskat i køyesengene på rommet – og der Dacus også fekk sin første kjærast: «A preacher in a T-shirt told me I could be a leader/ Taught me how to build a fire/ And to spread the Word.» I kortform får vi vegen inn i ein kultur, og ut av han, og forstår ein heil del av kvifor det måtte verte som det vart.

Spist og kontant

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement