Musikk

Botnsolide Team Hegdal

Det osar speleglede frå første tone.

Publisert

Med den fjerde plata på åtte år er Team Hegdal i rute. Vol 3 kom i 2015 og introduserte pianisten Oscar Grönberg som spesiell gjest. Det er han på denne plata også, og godt er det. Hegdal brukar pianoet som ein integrert del av lydbilete eller som ein effektfull kontrast til treblåsarsamklangen.

Som komponist spenner Hegdal eit vidt lerret. Dei 13 komposisjonane strekkjer seg frå 16 sekund til over åtte minutt, og dei varierer ikkje berre i lengd, men også i tempo, temperament, kompleksitet og stilistisk påverknad. Komponisten Hegdal imponerer og skapar samstundes forventningar til det tilstundande tingingsverket på Vossa Jazz.

Med ein besetning som denne blir det automatisk høge forventningar. Vågan og Nilssen er ein attraksjon i alle konstellasjonar dei dukkar opp i, men evna til å kombinera dei komplekse arrangementa med ei mest uforskamma evne til skifta frå det framoverlente til det tilbakelente, er smått ubegripeleg. Spelet deira på «78 Reggae» og «Walking of Fury» er gode illustrasjonar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement