Bøhmisk islett
Antonio Rosettis fiolinkonsertar byr på underlege melodiske krumspring.
Den tyske fiolinisten Lena Neudauer.
Foto: Denise Krentz
Antonio Rosetti – namnet kling elegant italiensk. Men mannen heitte eigentleg Anton Rösler og var fødd i den nordbøhmiske byen Leitmeritz i dagens i Tsjekkia. Mest kjend er han for rekviemet i Ess-dur, framført for 4000 tilhøyrarar under minnehøgtida for W.A. Mozart i Praha i 1791. Ei innspeling av dødsmessa, Requiem für Mozart, kom på plateselskapet Ars Produktion i 2011, dirigert av Johannes Moesius.
Utmerkt solo
Den same Moesius (som tydelegvis spesialiserer seg på marginaliserte wienerklassikarar) dirigerer på den nye plata Three Violin Concertos, der fiolinisten Lena Neudauer frå München framfører tre Rosetti-konsertar saman med Südwestdeutsches Kammerorchester Pforzheim. Soloprestasjonen er utmerkt – Neudauer høyrer til den nye generasjonen tyske fiolinistar med briljant teknikk og godt grep om ulike historiske stilar.
Orkesteret er ikkje på same tekniske nivå. Men sjølv om presisjonen i samspelet kunne vore betre, presterer det under Moesius’ takstokk fine tolkingar av dette uvanlege repertoaret.
Snirklete melodiar
Sidan komposisjonane er ukjende for dei aller fleste, meg inkludert, er det interessant å koma inn på kvalitetane og særtrekka til komponisten. Sjølv om Rosetti aldri blei tilsett i nokon av dei europeiske musikkmetropolane, men måtte nøya seg med stillingar ved perifere tyske hoff, hadde komposisjonane hans stor suksess i storbyar som Paris og London, der dei også blei trykte. Og produktiv var han: Meir enn 40 symfoniar og nesten 60 konsertar inngår i den 400 opus sterke verklista.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.