Boblepop
Ei verdig innføring i eksperimentell pop frå Japan i 80-åra.
Før i tida var det å bla gjennom platene i butikkhyllene på leit etter appellerande omslag ein metode eg ofte nytta for å oppdage ny musikk. Augneblinken då eg snubla over det forvitnelege collageomslaget til Yellow Magic Orchestras første plate frå 1978, skulle bli viktig for utvidinga av den musikalske horisonten min. Dette japanske bandets tidlege elektronika minte om Kraftwerk, men i staden for stoisk, sentraleuropeisk atom- og asfaltsvartsyn, utsondra musikken noko eksotisk varmt og urbant, spelmusikkaktig leikent.
YMO-medlemmene var òg involverte i ei rekke andre framifrå musikkprosjekt. Bassist, vokalist og keyboardist Haruomi Hosonos arbeid som produsent er særleg interessant, og etter kvart, mellom anna med YouTubes tilrådingsalgoritme som hjelp, opna det seg ei ny verd av nyskapande japansk pop- og ambientrelatert musikk frå 80-talet, for meg og for mange andre, deriblant plateselskapet Light In The Attic. Dei har gitt ut mykje japansk musikk frå 80-talet på nytt, mellom anna samleplata Somewhere Between.
Samlinga inneheld eksperimentell pop med utstrekt bruk av elektroniske verktøy som synthesizerar, sampling og trommemaskiner. Nokre av høgdepunkta er signert Mishio Ogawa (produsert av nettopp Hosono frå YMO), Mkwaju Ensemble (med perkusjonisten Midoru Takada på marimba) og det framifrå folk-elektronika-orkesteret Wha-ha-ha.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.