Blytung bass i vektlaus tilstand
Åtvaring: Dâm-Funks synthbass er så djup at ein mest treng redningsvest.
Hipp, hipp hurra! Der – og det på sjølvaste 17. mai – lanserte Damon Garrett Riddick ny musikk atter ein gong. Førre utgjeving, Private Life II, kom under fana Garrett, som er det den kaliforniske synthist-vokalist-DJ-produsenten kallar seg når han lagar meir reinspikka stemningsorientert og mindre outrert groovy ambientfunk. Den plata var oppfølgjar til Private Life, og STFU II er, som namnet peikar mot, òg ein oppfølgjar. Ikkje ulikt forgjengaren frå 2015 inneheld STFU II sju spor med fullkome friksjonslaus, feit, futuristisk funk.
«Friksjonslaus» kan kan hende høyrast ut som ein negativ karakteristikk, men det er det ikkje. Dette er trass alt musikk lansert på eit plateselskap som blir kalla Glydezone, Dâm-Funks eigen label, og det er nettopp glid det gir: Dette er silkemjuk instrumentalmusikk med djupare enn djup, blytung synthbass, som set lyttaren i ein svevande, nærast vektlaus tilstand der dansestega går seg sjølv.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.