Blytung bass i vektlaus tilstand
Åtvaring: Dâm-Funks synthbass er så djup at ein mest treng redningsvest.
Funk
Dâm-Funk:
STFU II
Glydezone
Hipp, hipp hurra! Der – og det på sjølvaste 17. mai – lanserte Damon Garrett Riddick ny musikk atter ein gong. Førre utgjeving, Private Life II, kom under fana Garrett, som er det den kaliforniske synthist-vokalist-DJ-produsenten kallar seg når han lagar meir reinspikka stemningsorientert og mindre outrert groovy ambientfunk. Den plata var oppfølgjar til Private Life, og STFU II er, som namnet peikar mot, òg ein oppfølgjar. Ikkje ulikt forgjengaren frå 2015 inneheld STFU II sju spor med fullkome friksjonslaus, feit, futuristisk funk.
«Friksjonslaus» kan kan hende høyrast ut som ein negativ karakteristikk, men det er det ikkje. Dette er trass alt musikk lansert på eit plateselskap som blir kalla Glydezone, Dâm-Funks eigen label, og det er nettopp glid det gir: Dette er silkemjuk instrumentalmusikk med djupare enn djup, blytung synthbass, som set lyttaren i ein svevande, nærast vektlaus tilstand der dansestega går seg sjølv.
Ein kan undra seg over tittelen, ei forkorting som, ved sida av ei oppmoding til å vere still som ikkje eignar seg på trykk i ei respektabel avis, står for «Stop Tickling Furry Unicorns». Det handlar nok i stor grad om å byde på eit alternativ til ein høglydt, masete offentleg sfære spekka med «collossal distractions, easy trouble online, heavy trolling and cancel culture» ifølgje artisten sjølv, som seier det så treffande med: «Now, feel free to just glyde’... Peace.»
Rasmus Hungnes
Rasmus Hungnes er musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Funk
Dâm-Funk:
STFU II
Glydezone
Hipp, hipp hurra! Der – og det på sjølvaste 17. mai – lanserte Damon Garrett Riddick ny musikk atter ein gong. Førre utgjeving, Private Life II, kom under fana Garrett, som er det den kaliforniske synthist-vokalist-DJ-produsenten kallar seg når han lagar meir reinspikka stemningsorientert og mindre outrert groovy ambientfunk. Den plata var oppfølgjar til Private Life, og STFU II er, som namnet peikar mot, òg ein oppfølgjar. Ikkje ulikt forgjengaren frå 2015 inneheld STFU II sju spor med fullkome friksjonslaus, feit, futuristisk funk.
«Friksjonslaus» kan kan hende høyrast ut som ein negativ karakteristikk, men det er det ikkje. Dette er trass alt musikk lansert på eit plateselskap som blir kalla Glydezone, Dâm-Funks eigen label, og det er nettopp glid det gir: Dette er silkemjuk instrumentalmusikk med djupare enn djup, blytung synthbass, som set lyttaren i ein svevande, nærast vektlaus tilstand der dansestega går seg sjølv.
Ein kan undra seg over tittelen, ei forkorting som, ved sida av ei oppmoding til å vere still som ikkje eignar seg på trykk i ei respektabel avis, står for «Stop Tickling Furry Unicorns». Det handlar nok i stor grad om å byde på eit alternativ til ein høglydt, masete offentleg sfære spekka med «collossal distractions, easy trouble online, heavy trolling and cancel culture» ifølgje artisten sjølv, som seier det så treffande med: «Now, feel free to just glyde’... Peace.»
Rasmus Hungnes
Rasmus Hungnes er musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Skodespelar Svein Tindberg flettar saman eigne barndomserfaringar med 4000 år gamle forteljingar frå Bibelen.
Foto: Marcel Leliënhof
Høgaktuelle forteljingar frå Midtausten
Trur vi Bibelen er ei utdatert bok, tek vi feil. Svein Tindberg syner korleis gamle jødisk-kristne soger talar til vår eksistens no når bombene fell mellom folkeslag.
Foto: Dag Aanderaa
Pyntesjuke og luksuslov
Christian Kvart ville styre pynten, krydderet og konfekten.
Miridae, ei bladtege med oval form.
Foto: via Wikimedia Commons
Levande innsikt om døyande insekt
Ein optimistisk tone råder i ei tettpakka faktabok om dystre utsikter for insekta.
Moss–Horten-ferja er den mest trafikkerte i landet. Skjer det noko uføresett, som då dei tilsette blei tatt ut i LO-streik i fjor, veks køane på begge sider av fjorden.
Foto: Terje Bendiksby / AP / NTB
Pengegaloppen i ferjetoppen
Det står ei Norled-ferje her og ei Torghatten-ferje der – innstilte. Ferja, ein livsnerve for mange, er eigd av folk vi ikkje aner kven er, utanfor vår kontroll.
Yrka med det høgste sjukefråværet er kvinnedominerte med relasjonelt arbeid og høge emosjonelle krav, skriv Lill Sverresdatter Larsen.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Langvarig overbelastning gir rekordhøyt sykefravær
«Vi har lenge drevet en dugnad for å holde skuta flytende.»