Musikk
Blygrått og vakkert
Samspelet løfter Lysning til eit internasjonalt toppnivå.
Nils Økland er attende i Hof kyrkje i Østre Toten der han tre år tidlegare spelte inn musikken til den eineståande plata Kjølvatn. Musikken på denne utgjevinga er spelt inn i 2015 og supplert med to spor spelte inn på Musikkhøgskulen i Oslo året etter. Innspelinga er på lytefritt vis produsert, miksa og mastra av Audun Strype. Han har eit kong Midas-grep om spakane.
Mørkt og dystert
Tittelen Lysning må vera ironisk. Her er ikkje mykje lysning å spora. Tvert om er det noko mørkt og dystert over det meste av musikken. Det vakre salmeliknande temaet i «Blåmyr» får eit drag mot inferno og undergang med ei melodistemme innleiingsvis framført av viola d’amore med følgje av strykebass og barytonsaks mot slutten og med eit dramatisk konsertstortrommekomp av Mørch Stene. Det ljosaste på plata må vera spora «Speiling» og, ikkje overraskande, «Lysning». På båe spora rår Økland innleiingsvis grunnen aleine i selskap med ei hardingfele laga av Sigvald Rørlien. Det læt mektig, vemodig og innsmigrande på same tid.
finkalibrert
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.