JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Bluesgiganten

Otis Rush var ein dynamisk songar og gitarist av dei sjeldne.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Otis Rush Blues Band spelte på Moldejazz i 1988.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

4100
20181221

Otis Rush

Tilrådd lytting:

The Essential Otis Rush: The Classic Cobra Recordings 1956–1958 (Fuel, 2000)

Homework / I Have To Laugh (Singel, Duke 1962)

Door To Door med Albert King (Chess, 1969)

Mourning In The Morning (Cotilion, 1969)

Right Place, Wrong Time (Bullfrog, 1976)

Songaren og gitaristen Otis Rush (1935–2018) gjekk bort i år, og eg vil minnast den smakfulle bluesgiganten med å tilrå nokre av dei mest særprega innspelingane han gjorde i den noko og førti år lange karrieren som plateartist.

Som ein fin introduksjon til musikken kan ein søkje opp filmopptaket av låten «I Can’t Quit You Baby», som finst på samlinga Folk Blues Festival 1962–1966. Det viser eit konsertopptak frå ein Europa-turné på midten av 1960-åra med Rush i storform som særs ekspressiv songar, og filmklippet er eit godt døme på kor elegant og minimalistisk ein kan framføre stor musikk på gitar.

På samlinga The Essential Otis Rush: The Classic Cobra Recordings 1956–1958 er omtrent alle songane vortne klassikarar og ein viktig del av blueshistoria. Denne utgjevinga har vorte omtala som bluesalbumet gjennom tidene. Eit spor som «My Love Will Never Die» seier det meste om den dynamiske krafta som ligg i røysta til Rush, den utruleg kontrollerte falsettsongen, og korleis han er nærast i eitt med gitaren. Han var så til dei grader til stades i musikken på desse opptaka at han brukte resten av karrieren på å nå opp igjen til same høgder.

Også på singelen Homework / I Have To Laugh er Rush i kjempeform, både på song og gitar, og her kan ein tydeleg høyra den enorme påverknaden han hadde på gitaristen Peter Green, i bøying av tonar, vibrato og frasering. Fleetwood Mac, gruppa til Green, spelte også versjonar av desse singellåtane nokre år seinare.

Door To Door er eit fellesalbum med ein annan bluesgigant med eit sterkt slektskap til Otis Rush, nemleg Albert King. Desse opptaka vart spelte inn mot slutten av 1950-åra og tidleg 1960-år i det kjende Chess Studios i Chicago. Det er særskilt god ljod på innspelingane, og bandet som er med, gjer ein formidabel jobb med både speling og arrangering. Om albumet ikkje er like sterkt som Cobra-samlinga, har det likevel klassiske opptak av Rush heilt på høgda, og ein får i tillegg ein stor bonus i spora med Albert King.

På albumet Mourning In The Morning, spelt inn i legendariske Muscle Shoals (Fame) studio i Alabama, mellom andre saman med gitaristane Duane Allmann og Mike Bloomfield, viser Otis Rush seg frå ei langt meir funkinspirert side. Sjekk ut låten «Working Man» for eit godt døme frå plata, med inspirert vokal og energisk gitarspel – eit lite slektskap til kollega Buddy Guys spelestil her.

Plata Right Place, Wrong Time er kanskje den mest heilskapelege i Rush-katalogen, og tittellåten fangar den fokuserte og gjennomarrangerte stemninga godt. Han vart spela inn for Capitol Records i 1971 med ein tørrare, men fyldig og tidsriktig lyd, og med både blåsarar, piano og orgel i bandet. Høyr òg på instrumentallåta «I Wonder Why» for eit døme på den unike fraseringa i gitarspelet og på måten Rush bøyer og tøyer tonane ulikt alle andre. Dette albumet hadde potensial til å nå eit større publikum, men kom diverre ikkje ut før fem år etter at opptaka vart gjorde, og då på eit mindre nisjeselskap. Det har uansett tidlegare vore omtala som ein av dei finaste innspelingane hans.

Den siste plata eg vil ta med her, er Ain’t Enough Coming In frå 1994. Plata kom i kjølvatnet av at mange av dei eldre bluesartistane hadde fått ein renessanse og eit mykje større publikum, og no var turen komen til Otis Rush. Produsert av John Porter, som tidlegare hadde gjeve Buddy Guy eit meir moderne lydbilete, freista dei det same her, men resultatet vart berre delvis vellukka. Innspelingane er prega av altfor lite dynamisk samspel frå dei andre medmusikarane, men Otis Rush spelar og syng bra og gjer nokre nydelege tolkingar av klassiske blueslåtar, mellom anna fine hyllester til tidlegare nemnde Albert King.

Stein Urheim

Stein Urheim er musikar og fast
skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis