Blikket bakover

Robbie Robertson gir ut sitt første studioalbum på åtte år.

Robbie Robertson musikalske prosjekt vert til tider i overkant glatt, meiner Øyvind Vågnes.
Robbie Robertson musikalske prosjekt vert til tider i overkant glatt, meiner Øyvind Vågnes.
Publisert

Robbie Robertson, gitaristen og hovudkomponisten i legendariske The Band, har dei siste åra delt tida si mellom å sjå tilbake på det som skjedde i formative år, og å halde fram med ein springande solokarriere som enno ikkje er over. Men Sinematic, haustens nye plate, viser at desse to syslane ikkje er så lett å skilje frå kvarandre.

For det kan ikkje vere tvil om at den ferske kinodokumentaren Once Were Brothers: Robbie Robertson and the Band vaks fram frå skrivearbeidet som låg bak memoarboka Testimony (2016). Og når eit av dei sterkaste spora på Sinematic har fått tittelen «Once Were Brothers», er det berre eitt av fleire teikn på at blikket bakover genererer ein eigen kreativitet på tvers.

Ujamt

Robertsons musikalske prosjekt er tett samanvove med storslegne, episke forteljingar, og, som platetittelen lovar, med metaforkrinsen som omgir kinomediet. Den godslege midtemporockaren og opningslåten «I Hear You Paint Houses» (med Van Morrison på vokal) er ei lett omskriving av tittelen på Charles Brandts bok om Frank Sheeran, som utgjer råmaterialet til Robertsons gamle ven Martin Scorseses nye gangsterfilm The Irishman, som Robertson har laga lydsporet til.

Alt heng med andre ord saman med alt, men det hindrar ikkje det sjette studioalbumet frå Robertsons hand i å verke ujamt. På sitt beste gir det assosiasjonar til dei to første soloplatene han laga, Daniel Lanois-produserte Robbie Robertson (1987) og Storyville (1991), som han etter mitt syn aldri heilt har klart å toppe, sjølv om det for all del finst mykje fint på albuma som har følgt.

For mykje av alt

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement