Berre Pixies er Pixies
Trettito år gamalt band manar framleis fram unike, ambivalente stemningar.
Rock
Pixies:
Beneath the Eyrie
BMG /
Infectious
«I 1988 likna ikkje Pixies noko anna band. Innan 1991 høyrdest alle andre band ut som Pixies.» Slik lyder ei velsitert utsegn frå ein internettmusikksynsar kalla bogoslav. Medan det kan hende ikkje er fullstendig musikkhistorisk presist, kan ein skjøne poenget: Pixies har hatt enorm påverknad på både alternativ- og poprock, Radiohead og Weezer, og dei fleste vil truleg kjenne igjen låtar som «Where Is My Mind», til dømes brukt i avslutningsscena av Fight Club, eller «In Heaven» frå David Lynch-filmenn Eraserhead. Og, tenkte eg då eg høyrde «On Graveyard Hill», den første singelen frå Pixies’ nyaste og sjuande studioalbum, i 2019 høyrest Pixies framleis ut som Pixies.
Ved første øyrekast læt låta som ein collage av element klipte ut or klassiske Pixies-låtar. Ikkje akkurat nyskapande, altså, og forventningane mine til albumet var ikkje høge. Men, som så ofte med Pixies, viste det seg at skinnet bedrar, og ikkje desto mindre blei eg positivt overraska når eg fekk høyre heile plata: Det viste seg å vere ei solid og fullkomen Pixies-pakke, der klisjear frå amerikansk surf og annan rock og naive, enkle, sukkersøte melodiar, ofte formidla via elektrisk gitar med knapt merkbar vreng, vert blanda med sofistikerte, lumske, uventa og dissonerande intervall og akkordprogresjonar.
Det er i stor grad dette, i kombinasjon med snurrig, surrealistisk lyrikk levert på ihuga og variert vis, som skaper den intense og ambivalente stemninga som berre Pixies kan mane fram. Og det gjer dei på svært effektivt vis på Beneath the Eyrie, 32 år etter debuten. I 2019 er det berre Pixies som høyrest ut som Pixies.
Rasmus Hungnes
Rasmus Hungnes er musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Mina Hadjian saman med Rune.
Foto: Norsk Filmdistribusjon
Von for verstingar
Dokumentaren til Kari Anne Moe er ei kjærleikserklæring til Mina Hadjian og fengselsfuglar.
Rapartist og skodespelar Benedicte Izabell Ekeland imponerer i monologen om Cassandra.
Foto: Stig Håvard Dirdal / Rogaland Teater
Ordflaum om meininga med livet
Måten rapartist Benedicte Izabell Ekeland framfører ein lang monolog på ei naken teaterscene på, er imponerande. Men kva snakkar ho om i nesten ein time?
L’arpa festante blei grunnlagt i München i 1983.
Foto: Günter Ludwig
Frankofil elan
L’arpa festante spelar best der det går fort.