Beinlaus vikingtid
Norsken, dansken og amerikansken komponerte musikk inspirert av vikingkulturen...
Spelmusikk
Jesper Kyd, Sarah Schachner, Einar Selvik:
Assassin’s Creed Valhalla OST
Lakeshore Records / Ubisoft
Eg gledde meg storleg til å tre inn i rolla som skjoldmøy i det Montreal-produserte storspelet Assassin’s Creed Valhalla. Det førre spelet i serien, Odyssey, gjekk føre seg i det antikke Hellas, og medan det godt kunne hatt meir kjøt på det mytologiske beinet, var det minneverdig å drikke vin på symposium med Platon og venene hans innimellom slaga som spartansk krigarinne.
Musikken i Odyssey var òg høveleg minneverdig. Vel, nokre av gatemusikantane i polisane kunne kanskje ha jobba litt meir med materialet dei framførte på agoraen, rundt templa og utanfor gymnasiet, men til og med dei slarkete skaldevisene hadde sin sjarm og samla både digitale borgarar, kvinner, barn og slavar med lyrespel og slarkete legendelyrikk.
Musikken i Valhalla er signert danske Jesper Kyd, amerikanske Sarah Schachner og norske Einar Selvik, kjend frå bandet Wardruna. Medan komposisjonane definitivt er intellektuelt utspekulerte i gradvise musikketnografiske overgangar frå vikingkultur til anglosaksisk kultur, framstår musikken, i likskap med austlandsaksentane til vestlandsvikingane i spelet, korkje som særleg autentisk eller fengjande.
Ifølgje herr Mogens Friis rapporterte ein arabisk handelsreisande at songen til vikingane lét som ulande hundar, berre meir utamd.
Eg spurde norrønfilologen Eirik Storesund (kjend frå podkasten Brute Norse) om vitskapen veit noko særleg meir om musikk frå vikingkulturen, og han svara: «Vitast veldig lite, utanom at det sikkert lét primitivt og atonalt – for moderne øyro.»
Dermed kan eg konkludere med at musikken her ikkje er truverdig, for han læt som drøvtogge, harmonisk og overprodusert fjord- og fjellheimsfantasikitsch ispedd eit og anna industrial-element.
Rasmus Hungnes
Rasmus Hungnes er kunstnar, musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Fargerikt om tolsemd
Me får garantert høyra meir til komponisten Eilertsen.
Birger Emanuelsen har skrive både romanar, essay og sakprosa etter debuten i 2012.
Foto: Christopher Helberg
Endringar til godt og vondt
Birger Emanuelsen skriv om folk slik at ein trur på det.
Me drog til månen av di det var teknologisk mogleg. Eit strålande døme på det teknologiske imperativet. Her vandrar astronaut Buzz Aldrin frå Apollo 11 rundt og les sjekklista si på venstre arm på ekte ingeniørvis.
Kjelde: Nasa
Teknologisk imperativ!
«Birkebeinerne på ski over fjellet med kongsbarnet».
Foto: Morten Henden Aamot
Eit ikonisk stykke kunst er kome heim
Medan gode krefter arbeider for å etablere eit museum for kunstnarbrørne Bergslien på Voss, har den lokale sparebanken sikra seg ein originalversjon av eit hovudverk av målaren Knud Bergslien.
Frå rettsoppgjeret i Trondheim etter krigen. Henry Rinnan på veg inn i tinghuset i Trondheim 30. april 1946.
Foto: NTB
Rett i fella
Nikolaj Frobenius tar seg altfor godt til rette i kjeldematerialet. Rinnan-romanen hans er både problematisk og uinteressant.