Beethovens læresevein

CD

Ferdinand Ries:

String Quartets
vol. 3

Schuppanzigh–Quartett.
CPO 2018

Som nemnt over var det Ferdinand Ries (1784–1838) Beethoven fortalde at han såg på si Missa solemnis som sitt største verk. Ries fekk komposisjonsundervisning hjå Beethoven i Wien frå 1801–1805, og som motyting arbeidde han som Beethovens personlege sekretær.

Men historia deira byrja ikkje då. Begge kom frå Bonn ved Rhinen, der Ries’ far hadde vore Beethovens lærar i fiolinspel og spelte i strykekvartett med han.

Strykekvartettar er det òg me får på denne plata, som er volum 3 i Schuppanzigh­–Quartetts samleinnspeling av heile Ries’ kvartett-œuvre. Ensemblet spelar på kopiar av instrument frå kring 1800 og imponerer med sylkvass intonasjon og frisk artikulasjon i dei snøgge satsane. Dette er ypparlege føresetnadar for å skjøna kvaliteten i Ries’ komposisjonar, som (sjølvsagt) orienterer seg formalt etter Beethoven, men samstundes har ein særeigen leikande friskleik ved seg. Dette høyrer me til dømes i Strykekvartett nr. 2 i d-moll, op. 68. Ries har forma han som eit trist «Andante»-resitativ som munnar ut i ein intenst romantisk, nesten schubertsk «Allegro agitato».