Bålet i skogholtet

Laura Veirs, som er aktuell med si tiande studioplate, fortener fleire lyttarar.

Publisert

Nokon lurer bak trea i skogen, kanskje kan det vere ulven? «He’s been here before and he’ll be here again», syng Laura Veirs i «Watch Fire», ein av songane på nye The Lookout.

Med enkle, klare bilete teiknar den framifrå låtskrivaren opp eit univers vi kjenner frå folkeeventyra, noko ho også har gjort før. Det som uroa oss for to hundre år sidan, er ikkje så ulikt det som uroar oss i dag, når alt kjem til alt.

Heldigvis held nokon vakt ved bålet. Songens barnerimliknande struktur, der kvar verseline Veirs syng, får sitt motsvar i ein duett, passar til det eventyrlege underlaget, og det er heller ikkje til skade at «Watch Fire» er ein duett med Sufjan Stevens.

Mjuk vellyd

Det har gått snart to tiår sidan Veirs platedebuterte i 1999, men likevel vil mange her til lands kjenne henne berre frå case/lang/veirs (2016), albumet ho gav ut saman med Neko Case og k.d. lang. Det er synd, for soloplatene hennar er av gjennomgåande høg kvalitet. The Lookout er det tiande i rekkja.

Nok ein gong er Tucker Martine med på produsentsida, og det er mykje mjuk vellyd på denne plata. «Seven Falls» kunne lett ha funne ein plass på det smektande, smarte albumet Veirs laga i lag med Case og k.d. lang. Lyttarar som likar god koring, vil ha mykje å glede seg over på The Lookout, der også Jim James (My Morning Jacket) dukkar opp. Dette er songar det er godt å vere i når kveldane vert lysare.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement