Balansegang
Jay Som lagar forfriskande, sjangerutfordrande pop.
Omslagsbiletet på Anak Ko, den nye plata frå Jay Som, liknar med si enkle, suggestive kraft ei teikneserierute. Ei raud sol gløder matt i bakgrunnen, eit menneske balanserer på ein mur i eit ørkenliknande landskap, og skuggane er lange, det er seint på dag.
Lydverd
Innpakkinga passar perfekt til innhaldet på dette eklektiske, seinsommarvarme popalbumet, for Melina Duterte – som skjuler seg bak artistnamnet Jay Som – lagar raus, skimrande musikk som blandar og balanserer element frå ei rekkje ulike sjangrar, både elektronika, indiepop og gitardriven, melodisk rock. Av inspirasjonskjelder som har vore nemnde, er både Cocteau Twins, The Cure og Alanis Morissette – og i ein song som «Crown» kan ein høyre spor frå alle desse tre. Flyktige, drøymande «Superbike», som endar i herleg, laussleppt gitarøs, er ein slik song du kan høyre igjen og igjen, ei lita gåve av ein låt som lyser opp kvardagen.
Duterte er ein av desse artistane som kan makte å trylle fram ei heil verd av lyd heilt på eiga hand, ein multiinstrumentalist som like gjerne også produserer, men nokre få har ho invitert inn då ho arbeidde med Anak Ko. Likevel kjennest dette som eit heimelaga produkt i den beste tydinga av ordet. Her og der kan ein ane lyden av ein vaskemaskin i rommet ved sida av, utan at det plagar meg, for på eit vis har Duterte invitert oss heilt inn på besøk.
Fleire av popkomposisjonane opnar forsiktig, for så å bløme, som herlege «Tenderness», som mellom anna tematiserer plassen dei lysande skjermane har i livet vårt, måten vi ser (og ikkje ser) på kvarandre på gjennom sosiale medium. I det heile er identitetsspørsmåla viktige på dette albumet.
Barn
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.