JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Balansegang

Jay Som lagar forfriskande, sjanger­utfordrande pop.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2459
20190906
2459
20190906

Pop

Jay Som:

Anak Ko

Polyvinyl

Omslagsbiletet på Anak Ko, den nye plata frå Jay Som, liknar med si enkle, suggestive kraft ei teikneserierute. Ei raud sol gløder matt i bakgrunnen, eit menneske balanserer på ein mur i eit ørkenliknande landskap, og skuggane er lange, det er seint på dag.

Lydverd

Innpakkinga passar perfekt til innhaldet på dette eklektiske, seinsommarvarme popalbumet, for Melina Duterte – som skjuler seg bak artistnamnet Jay Som – lagar raus, skimrande musikk som blandar og balanserer element frå ei rekkje ulike sjangrar, både elektronika, indiepop og gitardriven, melodisk rock. Av inspirasjonskjelder som har vore nemnde, er både Cocteau Twins, The Cure og Alanis Morissette – og i ein song som «Crown» kan ein høyre spor frå alle desse tre. Flyktige, drøymande «Superbike», som endar i herleg, laussleppt gitarøs, er ein slik song du kan høyre igjen og igjen, ei lita gåve av ein låt som lyser opp kvardagen.

Duterte er ein av desse artistane som kan makte å trylle fram ei heil verd av lyd heilt på eiga hand, ein multiinstrumentalist som like gjerne også produserer, men nokre få har ho invitert inn då ho arbeidde med Anak Ko. Likevel kjennest dette som eit heimelaga produkt i den beste tydinga av ordet. Her og der kan ein ane lyden av ein vaskemaskin i rommet ved sida av, utan at det plagar meg, for på eit vis har Duterte invitert oss heilt inn på besøk.

Fleire av popkom­­­posisjonane opnar forsiktig, for så å bløme, som herlege «Tenderness», som mellom anna tematiserer plassen dei lysande skjermane har i livet vårt, måten vi ser (og ikkje ser) på kvarandre på gjennom sosiale medium. I det heile er identitetsspørsmåla viktige på dette albumet.

Barn

Duterte, som har filippinsk opphav, har henta platetittelen frå talespråket tagalog. Orda anak ko tyder «mitt barn», og det er måten mor til Duterte vender seg til henne på i tekstmeldingar. Valet av tittel spelar slik fint på tilhøyrsle, eigarskap og ei merksemd til det nære. Anak Ko er Dutertes eige barn.

Kanskje er val av omslag også knytt til opphavet til desse songane, som vart skrivne i løpet av eit vekelangt opphald i Joshua Tree, ein nasjonalpark utanfor Los Angeles (der Duterte bur), noko ein nærast kan høyre i avslutningsporet «Get Well» med smeltande steelgitarar. Dette er musikk skapt under ein open himmel.

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis