Både oppstemt og mollstemt
Det underliggjande alvoret går som ein raud tråd gjennom plata.
Hilde Louise Asbjørnsen (43) er ute med den ellevte plata si. I 2004 debuterte ho med Eleven Nights and Two Early Mornings. I mellomtida er Asbjørnsen blitt allemannseige som TV-underhaldar i ulike samanhengar. Ho er ein artist med mange talent som sceneartist. Ho har likevel vore tru mot karrieren som jazzvokalist og låtskrivar. Ho har også vore trufast i val av medmusikantar.
Levd liv
På Red Lips, Knuckles and Bones serverer ho tolv nye eigenkomponerte låtar. Musikalsk held Asbjørnsen seg innanfor kjent territorium. Det er ein miks av konvensjonell jazz, latin og blues, men mange av låtane har eit særpreg som gjer at dei festar seg. Tekstane tematiserer levd liv i sine mange fasettar. Klisjéfrie er tekstane ikkje, men her er mykje meir enn elegante tin-pan-alley-inspirerte ordspel og hjerte/smerte-enderim.
Knut Riisnæs
Arrangementa er enkle og effektive. Det er ei udelt glede å registrera kor elegant bandet byggjer opp og glir ut or groovar. Dei er etter mange år samspelte så det held. Solistiske sidesprang er det ikkje rom for anna enn for gjestesolisten Knut Riisnæs. Ingen vil protestera om han går frå gjest til fast medlem frå neste plate av.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.