Musikk
Både nytt og velkjent
Eit lydmalande Elephant9 rundar ti år som plateartist.
Dodovoodoo kom i 2008. Etterpå er det blitt fem plater – alle på same selskap, og alle har vore verde å venta på. Også Greatest Show on Earth er innspelt i studio, sjølv om tittelen kan indikera noko anna, og denne gongen er studioet heilt essensielt i å få fram det nye i uttrykket til trioen. Ståle Storløkken har signert alle seks låtane, som alle har svært ulik karakter.
Det minimalistiske bass- og trommekompet og det gjennomsiktlege og rike klangbiletet som Storløkken manar fram i «Way of Return», representerer tydelegast den nye sida ved trioen. «Mystery Blend» er minimalisme på sitt ypparste og tek trioen til eit nytt nivå. Lytt til basspelet, spesielt innleiingsvis. Det er ein studie i få, men utsøkte detaljar. Ein finn også element av den same stramme regien i meir «typiske» Elephant9-låtar som «Actionpack1» og «Farmer’s Secret», men her er uttrykket meir som ein er van med frå den kanten.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.