Bachs yndlingselevManuel Tomadin spelar Johann Ludwig Krebs på barokke orgel.CDJohann Ludwig Krebs:
Manuel Tomadin spelar Johann Ludwig Krebs på barokke orgel.
Lagnaden til somme geniale kunstnarar var å vera fødd i feil generasjon. Somme var fødde for tidleg – publikum var ikkje mogne for verka deira, dei var for moderne for si tid. Men det finst òg kunstnarar som var fødde for seint. Komponisten som organisten Manuel Tomadin no har spelt inn alle verka av på sju CD-ar, er ein av dei.
Kven har høyrt gjete Johann Ludwig Krebs (1713–1780)? Truleg berre dei som er over gjennomsnittet interesserte i Johann Sebastian Bachs liv, for i Bach-biografiane blir Krebs gjerne nemnd som ein av yndlingselevane hans i Leipzig. I eit vitnemål stadfestar Bach at Krebs har gått i lære hjå han i klaver (som òg omfatta orgel), fiolin, lutt og komposisjon, og han rosar spesielt prestasjonane hans i orgelspel.
Umoderne epigon
Kva meir kunne ein ung organist ynskja seg enn ei slik tilråding frå Bach, som var kjend som Tysklands beste orgelspelar? Lite, skulle ein tru. Problemet var berre at Krebs hadde vore for flink. Han hadde internalisert den kompliserte spele- og komposisjonsstilen til læraren sin så til dei grader at han blei sett på som Bach-epigon. Og endå verre: Han blei oppfatta som umoderne. Hadde Krebs vore fødd 20 år tidlegare, ville alle kyrkjedører stått opne for han. Men sidan han tviheldt på barokk tyngd og aldri greidde å tilpassa seg den lette og galante musikkstilen i andre helvta av 1700-talet, blei lagnaden hans å vandra frå den eine usselt betalte provinsorganiststillinga til den neste.
Originale orgel
For oss i dag har det lite å seia om ein komponist var moderne eller ikkje i samtida, så lenge verka er gode. Og etter å ha lytta gjennom alle CD-ane i Tomadins nye album, kan eg stadfesta at orgelverka til Krebs held imponerande høgt nivå. Dei kan delast inn i to kategoriar: dei som er bundne til koralar (salmar), til dømes koralforspel og koralvariasjonar, og dei som ikkje er det, til dømes triosonatar og toccataar (eller preludium) og fugar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.