Bachs katolske messe

Avslutningskonserten med Dunedin Consort & Players synte at det monumentale ikkje alltid har med storleik å gjera.

Dunedin Consort & Players under Oslo Kyrkjermusikkfestivals avslutningskonsert i Oslo domkyrkje.
Dunedin Consort & Players under Oslo Kyrkjermusikkfestivals avslutningskonsert i Oslo domkyrkje.
Publisert

Ho er krona på livsverket hans, Johann Sebastian Bachs veldige Messe i h-moll, BWV 232. Å høyra dei alvorstunge opningsakkordane i Oslo domkyrkje under Oslo Internasjonale Kyrkjemusikkfestival, framført klårt og kraftfullt av det skotske Dunedin Consort & Players, gav ei oppleving av klingande arkitektur på sitt mest storslegne.

Solistisk besetning

Den engelske Bach-eksperten John Butt leia konserten frå cembaloen. Det gjorde han godt, særleg med tanke på at han spelte det meste med venstrehanda medan han dirigerte med høgre. At dette ikkje resulterte i musikalsk venstrehandsarbeid, har med storleiken på besetninga å gjera.

Butt høyrer nemleg til dei som sver til lita besetning, med såkalla «solistisk besetning» i koret. Dette inneber at han berre nyttar éin songsolist på kvar korstemme, som i høve denne h-mollmessa er maksimalt åtte songarar. For å oppnå lydleg balanse med orkesteret er strykarbesetninga tilsvarande linn, med berre høvesvis to musikarar på fyrste- og andrefiolinstemma og éin bratsj, éin cello og éin kontrabass.

Denne kvelden viste Butt at det monumentale ikkje alltid har med storleik å gjera, for ensembleklangen var meir enn stor nok til å fylla kyrkjeskipet. Ei større besetningsform ville dessutan ha gjort det vanskeleg å få til ein så differensiert artikulasjon og ei så nyanserik frasering som me her opplevde.

Ukjend oppdragsgjevar

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement