Musikk

Atmosfærisk balansekunst

Mange element hindrar at det tippar over.

Publisert

Ellen Bødtker er ein klassisk skolert harpist som òg er kjend for å nytta orkesterharpa i nye konstellasjonar, frå samspel med Sølvguttene til samtidsmusikk. Den førre plata hennar var eit samarbeid med Jan Erik Vold, og også denne gongen står lyrikken sentralt, men her med tekstar av Sigbjørn Obstfelder, framført av skodespelaren Bjørn Floberg.

Ambisiøst

Føremålet med prosjektet er ein smule ambisiøst når Bødtker i tekstheftet skriv at ho «tok med meg harpen ut i universet på jakt etter planetenes klanger». Også klangleg balanserer prosjektet på grensa mot det pompøse, med Obstfelders undrande ord kledde i «atmosfæriske» elektroniske lydteppe. Dessutan er harpa i seg sjølv eit instrument som – med sin mjuke klang og visuelle tradisjon knytt til englebilete og julekort – har særlege utfordringar når ein skal skape ny musikk.

Spanande detaljar

Men her er det er mange element som hindrar at det tippar over: Medmusikarane er av dei beste som finst i det musikalske grenselandet mellom det lyrisk svevande og det eksperimentelle. Ikkje minst er Bødtkers komposisjonar og harpespel spekka med spanande detaljar, som alternative speleteknikkar og elektronisk manipulering.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement