Arrangert musikalsk fribryting
Wako inviterer til samarbeid på den fjerde utgjevinga si.
Med den fjerde plata si, som kjem ut 21. februar, kort og godt kalla Wako, har kvartetten heva arrangørambisjonane og brukt studioet for mykje av det det kan vera verdt. I tillegg har dei invitert ti musikarar som gjester, det vil seia strykarane og Henriksen, Kullhammar og Reinertsen, som har gjort sine pålegg i etterkant. Likevel er dette lett attkjenneleg Wako-musikk ført i pennen av Olsen og Mulelid. Attkjenneleg i alt sitt kaotiske mangfald, må ein leggja til.
Wako gjennomfører etter intensjonane. Mange av arrangementa gjev musikken ein tilleggsdimensjon, og dei lagar heller ikkje sjenerande hinder for improvisatorisk utfalding sjølv om måten å samarbeida på ikkje alltid opnar for ein ynskjeleg (?) interaksjon. Det er likevel overraskande kor forfriskande hand-i-hanske samarbeidet med både Henriksen og Kullhammar fungerer. «Grown-up Life» er elles eitt av høgdepunkta på plata, og det kjem i stor grad av medverknaden til Waring og Waade.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.