Arkivet: Willie Nelson

Willie Nelson då han spelte i Nashville i november i fjor.
Willie Nelson då han spelte i Nashville i november i fjor.
Publisert

Han er ikkje nokon ungfole lenger, Willie Hugh Nelson, men det treng jo ikkje å gjere noko. Denne sommaren er 87-åringen atter plateaktuell, med sitt syttiande album (!), First Rose of Spring. Ei ny plate frå den kanten har nærast vorte for ei årviss hending å rekne.

The First Rose of Spring byr på to nye Nelson-komposisjonar, skrivne saman med produsent Buddy Cannon, «Blue Star» og «Love Just Laughed», og elles rommar albumet eit knippe velvalde tolkingar. Nelson er god til nett det – det har vi sett med klassikarar som til dømes den karriereendrande utgivinga Stardust (1978).

Ein slik omveltande effekt vil neppe The First Rose of Spring ha, det ligg vel i korta på så mange vis, men triveleg selskap er no plata lell. «Yesterday, when I was young/ The taste of life was sweet as rain upon my tongue», heiter det i «Yesterday, When I Was Young», som eignar seg svært så godt for ei framføring frå 2020-utgåva av Nelson. Somme lesarar vil nok kjenne originalen til Charles Aznavour og George Garvarentz, «Hier Encore» (1964), eller Roy Clarks versjon frå 1968.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement