Arkivet: Wilcovered
Jeff Tweedy og Wilco då dei spelte på New Orleans Jazz and Heritage Festival i mai 2017.
Foto: Amy Harris / AP / NTB scanpix
Wilco var nett på ein aldri så liten noregsturné, rett og slett, med klubbkonsertar i Trondheim, Stavanger, Bergen og Oslo. Bandet spelte raust nærare tretti låtar kvar kveld, inkludert smakebitar frå den ferske (og på det tidspunktet enno ikkje utgjevne) Ode to Joy, inkludert «Love is Everywhere», som vel må vere ein av årets finaste låtar.
Nye og gamle lyttarar bør få med seg Wilcovered, som rett og slett er ei av desse CD-platene som er hefta på eit britisk musikkmagasin som gratis bonus (ofte med varierande kvalitet). På disken som følgjer novemberutgåva av Uncut, har 17 artistar, mellom dei folk som Courtney Barnett, Whitney, Kurt Vile, Low, Ryley Walker, Sharon Van Etten, og The Handsome Family, tolka Wilco, på invitasjon frå bandet sjølv.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.