Arkivet: Whitney

Julien Erhlich og Max Kakaceks utgjer bandet Whitney.
Julien Erhlich og Max Kakaceks utgjer bandet Whitney.
Publisert

Kva er dette, tenkte eg, då ein solvarm song trilla ut av høgtalarane for nokre dagar sidan, som for å halde på sommaren nokre timar til, før bergensregnet tek over fram til neste sommar – for eg hadde jo høyrt det før, hadde eg ikkje?

Jau, det hadde eg, for jammen var det ei tolking av «A.M. AM», ein song Damien Jurado hadde med på Visions of Us on the Land (2016), no løfta fram igjen i ny drakt på elegant og snertent vis av bandet Whitney, med eit flott blåsearrangement.

«A.M. AM» viser seg å høyre heime på Candid, eit fint album som inneheld ti smarte, velvalde, sjarmerande coverversjonar, ein liten miks americana som varer litt over halvtimen, og seier noko om rekkjevidda i Julien Erhlich og Max Kakaceks inspirasjonskjelder. I både presseskriv og fleire intervju fortel dei to at låtane var favorittar som fekk dei litt ut av komfortsona.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement