Arkivet: Van Morrisons blues
Det hender eg tenkjer på novemberkvelden i 1993 då eg høyrde Van Morrison for første gong, i Oslo, dit han tok turen i kjølvatnet av bluesalbumet Too Long In Exile, som kom ut sommaren det året. Det var ein storarta kveld, ikkje minst var den inspirerte klassikarvandringa minneverdig, anten Morrison tolka Sam Cooke eller Ray Charles.
Nesten eit kvart hundreår seinare er Roll With The Punches her, eit album som finn Morrison i meir eller mindre same lune som den gongen – Georgie Fame er på plass, og jammen dukkar både «Stormy Monday» og «Lonely Avenue» snart nok opp, slik dei gjorde det den kvelden på Sentrum Scene.
Fem nye sjølvskrivne songar er det plass til, men dei bleiknar litt mellom klassikarar av folk som Mose Allison, Sister Rosetta Sharpe og Bo Diddley. Roll With The Punches er ei triveleg plate, og har du planar om ein tur til Storbritannia i november, er det ein miniturné på gang.
Øyvind Vågnes
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Det hender eg tenkjer på novemberkvelden i 1993 då eg høyrde Van Morrison for første gong, i Oslo, dit han tok turen i kjølvatnet av bluesalbumet Too Long In Exile, som kom ut sommaren det året. Det var ein storarta kveld, ikkje minst var den inspirerte klassikarvandringa minneverdig, anten Morrison tolka Sam Cooke eller Ray Charles.
Nesten eit kvart hundreår seinare er Roll With The Punches her, eit album som finn Morrison i meir eller mindre same lune som den gongen – Georgie Fame er på plass, og jammen dukkar både «Stormy Monday» og «Lonely Avenue» snart nok opp, slik dei gjorde det den kvelden på Sentrum Scene.
Fem nye sjølvskrivne songar er det plass til, men dei bleiknar litt mellom klassikarar av folk som Mose Allison, Sister Rosetta Sharpe og Bo Diddley. Roll With The Punches er ei triveleg plate, og har du planar om ein tur til Storbritannia i november, er det ein miniturné på gang.
Øyvind Vågnes
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.