Arkivet: Van Morrison
Van Morrison kjem attende til Moldejazz i år, 22 år etter at han spelte på Romsdalsmuseet sist.
Foto: Moldejazz
Med You’re Driving Me Crazy, spelt inn med Joey Francesco på trompet og orgel, har Van Morrison gitt ut den tredje studioplata på eit halvår, og konseptet for alle tre er nokolunde likt: både Versatile og Roll With the Punches kombinerte nokre få nyarrangerte Morrison-komposisjonar med blues og jazz frå standardrepertoaret.
Francesco har fått den gamle grinebitaren i godt humør, for latteren sit laust på You’re Driving Me Crazy, og meldingane frå ei lita konsertrekkje i London i april var gode.
Den 18. juli kjem Van Morrison til Molde – den einaste konserten i Noreg dette året – og ein jazzfestival burde passe bra om det er materialet på dei tre siste platene som står i sentrum. På You’re Driving Me Crazy finst det flotte tolkingar både av «Miss Otis Regrets» (Cole Porter, 1934) og Morrisons eigne «Magic Time» (2005), men tidvis driv det av garde på det jamne, og ein song som «Have I Told You Lately?» endar med å høyrast for oppjaga ut.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.