Arkivet: Tusen år med dårleg karma
Foto: Øyvind Vågnes
The Handsome Family! Finst det eit meir sjarmerande band enn ekteparet Rennie og Brett Sparks, når alt kjem til alt?
Då dei tok turen innom Bergen for eit års tid sidan, og heldt konsert i kjellaren på Garage, truga Sparks med ei tung straff for dei som vurderte å prøve seg på å knabbe noko av biletkunsten ho la ut for sal ved trappa – «tusen år med dårleg karma til tjuvar».
The Handsome Family er med rette ein americanainstitusjon, og for dei som treng ei påminning om kvifor, vil eg tilrå ei flott jubileumsutgåve av tredjeplata Through the Trees (Loose Music), passande nok trykt opp i blå vinyl.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.