Arkivet: Tre musikklydbøker

Nick Cave har skrive bok basert på notat frå turneane sine.
Nick Cave har skrive bok basert på notat frå turneane sine.
Publisert

Etter ein sommar med lange spaserturar med lydbøker på øyra, somme av dei om musikk, deler eg tre sikre tips:

Nick Cave: The Sick Bag Song, lesen av forfattaren sjølv. Då Cave var på USA-turné med The Bad Seeds i 2014, tok han til å skrible notat på spyposar på ulike fly: tankesprang, assosiasjonsrekkjer, anekdotar, refleksjonar, i ein tekst som blandar det poetiske med det essayistiske, her framført med røysta til songaren sjølv, i løpet av knapt to intense timar.

Det trengst fem timar meir enn det når sjølvaste Henry Rollins les The History of Rock ‘n’ Roll in Ten Songs av Greil Marcus, som har ein tittel som kanskje vil lure somme litt. For snarare enn å konsolidere ei bestemt historisk framstilling om rocken problematiserer sjølvsagt essayet på spørjande vis eit slikt prosjekt og rokkar ved nokre av førestillingane som nærast har vorte for klisjear å rekne. Som mange lidenskaplege lyttarar som skriv om musikk, yppar Marcus til engasjert, godmodig krangel og gir lesaren lyst til å høyre på songane han diskuterer så inngåande.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement