Arkivet: Transmission

Her er han, SARRAR1.
Her er han, SARRAR1.
Publisert

Eit radioprogram om «lyden av åttitalet»? Ja takk!

Nyleg gjorde ein kamerat meg merksam på Transmission – søndagsradio i beste NRK-stil, leia med kunnskap, engasjement og integritet av Espen Omdahl, som lèt songar stå fram i heile si prakt, utan å skravle dei bort. Tompreik er det elles herleg lite av.

Inga interesse er for smal, og difor var det med ekstra stor glede eg lytta til utgåva 11. februar, som sjølvsagt er å finne på nettsidene til NRK Radio. Her vier Omdahl ein heil time til den definerande synthlyden SARRAR1, og Fairlight CMI-synthesizeren du måtte skaffe deg for å kunne lage han.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement