Arkivet: Tom Waits, 70 år
Tom Waits då han tok imot Rock and Roll Hall of Fame-utmerkinga i New York i 2011.
Foto: Evan Agostini / AP / NTB scanpix
Den 7. desember fyller Tom Waits 70 år, men det går an å gå i gang med feiringa alt i morgon, for då inviterer Hilde Louise Asbjørnsen og Guro von Germeten til Waits-fest på Victoria i Oslo.
Dei som kjenner til Asbjørnsens og Germetens musikk, vil ikkje la seg overraske av at Waits har vore, og er, ei sentral inspirasjonskjelde. «Heartattack and Vine – en hyllest til Tom Waits» bør vere ein ideell måte å tilbringe ein laurdagskveld på for gamle og nye Waits-lyttarar.
Det har gått ei stund sidan Waits sist gav ut ei ny plate, for det skjedde i 2011, med Bad as Me. I fjor kom dei sju første albuma hans – alle utgjevne på Elektra Asylum utover 1970-åra – i nye utgåver, på ANTI- Records, på vinyl. Det er grunn til å tru at stadig nye generasjonar oppdagar eit rikt kunstnarskap. Festkvelden på Victoria spelar ei fin rolle i ein slik samanheng, for nytolkinga av ein songskatt har ei eiga revitaliserande kraft.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.