Arkivet: Tom Joad
Bruce Springsteen og kona Patti Scialfa framfor Walter Kerr Theatre, der Broadway-framsyninga hans er blitt ein suksess.
Foto: Evan Agostini / AP / NTB scanpix
I åtte månader har Bruce Springsteen fortalt dei same historiene og framført dei same songane i showet Springsteen on Broadway på Walter Kerr Theatre, som rommar knappe tusen i salen. Men då bileta av små barn som vart skilde frå foreldra sine ved den amerikanske grensa, flimra frå skjermane verda over for nokre veker sidan, gjorde han eit unntak. Ein tilsynelatande spontan tirade mot det sitjande regimet i USA førte artisten inn i «The Ghost of Tom Joad» (1995), som han tidlegare ikkje har spelt på Broadway.
Songen held seg godt (sjølv om den ofte framførte elektriske versjonen, med Tom Morello på energisk, opphausa gitar, etter mitt syn ikkje er til å halde ut). Å hente fram Tom Joad – ein figur somme vil kjenne frå John Steinbecks Vredens druer (1939), eller kanskje frå Henry Fondas tolking i John Fords spelefilm-versjon (1940) – var eit sjakktrekk, ein elegant og velretta politisk kommentar som samstundes peika både bakover og framover i tid.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.