Arkivet: To konsertplater
Nick Cave sat åleine i Alexandria Palace og spelte for publikum verda over.
Når Nick Cave og The War on Drugs slepper konsertplate denne fredagen, reflekterer begge utgivingane at dei kjem ut i pandemiåret 2020 – men på motsett måte.
Eg høyrde til mellom dei som kjøpte billett til Caves nettstrøymde konsertfilm 23. juli, der han sette seg ned ved eit piano i Alexandria Palace heilt åleine og framførte fleire av dei høgt skatta songane sine, og nokre av dei mindre kjende. Seansen trefte den rådande sinnsstemninga og pandemivilkåra når det gjeld framføring – og lytting til – levande musikk. For der sat vi, kvar i sin heim, med Cave i stova vår, i det som kjendest som ei kresent kuratert og noko eksklusiv stund. Når Idiot Prayer: Nick Cave Alone at Alexandra Palace no er ute, verkar det på same tid som det er lenge sidan den kvelden, og som det skjedde nettopp. Opptaket plasserer seg som sentralt i artistens diskografi – eit dokument over korleis ein kan nå ut med musikk på sterkt vis i det hersens året vi er inne i.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.