Arkivet: To konsertplater
Nick Cave sat åleine i Alexandria Palace og spelte for publikum verda over.
Når Nick Cave og The War on Drugs slepper konsertplate denne fredagen, reflekterer begge utgivingane at dei kjem ut i pandemiåret 2020 – men på motsett måte.
Eg høyrde til mellom dei som kjøpte billett til Caves nettstrøymde konsertfilm 23. juli, der han sette seg ned ved eit piano i Alexandria Palace heilt åleine og framførte fleire av dei høgt skatta songane sine, og nokre av dei mindre kjende. Seansen trefte den rådande sinnsstemninga og pandemivilkåra når det gjeld framføring – og lytting til – levande musikk. For der sat vi, kvar i sin heim, med Cave i stova vår, i det som kjendest som ei kresent kuratert og noko eksklusiv stund. Når Idiot Prayer: Nick Cave Alone at Alexandra Palace no er ute, verkar det på same tid som det er lenge sidan den kvelden, og som det skjedde nettopp. Opptaket plasserer seg som sentralt i artistens diskografi – eit dokument over korleis ein kan nå ut med musikk på sterkt vis i det hersens året vi er inne i.
Annleis er det saktens å lytte til Live Drugs, med opptak frå tida før pandemien. Når publikumsbruset tonar opp, er det mest så eg vert rørt. Eg har enno ikkje hatt glede av å høyre The War on Drugs på konsert, men opptaka på dette albumet stadfestar det eg har høyrt frå fleire – at Granduciel og gjengen er eit sabla bra konsertband. Det flyt fint, og er akkurat passe ekspansivt, så eg lèt att auga og lyttar, og drøymer om ein dag eg går inn i ein fullsett sal og bandet står på scenen igjen.
Øyvind Vågnes
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Når Nick Cave og The War on Drugs slepper konsertplate denne fredagen, reflekterer begge utgivingane at dei kjem ut i pandemiåret 2020 – men på motsett måte.
Eg høyrde til mellom dei som kjøpte billett til Caves nettstrøymde konsertfilm 23. juli, der han sette seg ned ved eit piano i Alexandria Palace heilt åleine og framførte fleire av dei høgt skatta songane sine, og nokre av dei mindre kjende. Seansen trefte den rådande sinnsstemninga og pandemivilkåra når det gjeld framføring – og lytting til – levande musikk. For der sat vi, kvar i sin heim, med Cave i stova vår, i det som kjendest som ei kresent kuratert og noko eksklusiv stund. Når Idiot Prayer: Nick Cave Alone at Alexandra Palace no er ute, verkar det på same tid som det er lenge sidan den kvelden, og som det skjedde nettopp. Opptaket plasserer seg som sentralt i artistens diskografi – eit dokument over korleis ein kan nå ut med musikk på sterkt vis i det hersens året vi er inne i.
Annleis er det saktens å lytte til Live Drugs, med opptak frå tida før pandemien. Når publikumsbruset tonar opp, er det mest så eg vert rørt. Eg har enno ikkje hatt glede av å høyre The War on Drugs på konsert, men opptaka på dette albumet stadfestar det eg har høyrt frå fleire – at Granduciel og gjengen er eit sabla bra konsertband. Det flyt fint, og er akkurat passe ekspansivt, så eg lèt att auga og lyttar, og drøymer om ein dag eg går inn i ein fullsett sal og bandet står på scenen igjen.
Øyvind Vågnes
Fleire artiklar
Finansminister og leiar for Senterpartiet Trygve Slagsvold Vedum på landsstyremøtet i år. Partiet har falle kraftig på dei nyaste meiningsmålingane.
Foto: Thomas Fure / NTB
– Populisme er ikkje noko å vere redd for
Trass i dårlege meiningsmålingar har statssekretær Skjalg Fjellheim trua på at Senterpartiet har den beste politikken for Noreg.
Ein mann trakkar på ein plakat av Bashar al-Assad i Damaskus.
Foto: Amr Abdallah Dalsh / Reuters / NTB
Uviss lagnad for Syria
Det store spørsmålet no er kva som vil skje framover i Syria, etter at opposisjonen overraskande fort tok over heile det regimekontrollerte Syria nesten utan militær motstand.
Andrea Bræin Hovig og Tayo Cittadella Jacobsen i rollene som Marianne og Tor, som møtest på Nesoddferja.
Foto: Arthaus
Leiken kjærleik
Alle gode ting er faktisk tre, om du lurte på om trilogien til Dag Johan Haugerud held heilt til mål.
Ein atomsopp lyser opp nattehimmelen under prøvesprenginga Badger i USA i 1953.
Foto via Wikimedia Commons
Eg er dauden
Samtidig som faren for ein tredje verdskrig er større enn på eit halvt hundreår, ser vi på russiske trugsmål om bruk av atomvåpen som tomme.
Foto: Edvard Thorup
Makta og den uavhengige forskinga
«Eg er fullt klar over at mange gjorde ein stor innsats i Sør-Sudan, og med gode intensjonar.»