Arkivet: To coverplater
M. Ward tolkar Billie Holiday.
Presseefoto
Eg har hatt mykje glede av albumet M. Ward fann ut at han skulle sleppe på tampen av året, Think of Spring (Anti-), der han tolkar Billie Holidays klassiske album Lady in Satin (1958). Borte er dei flotte strykearrangementa og Holidays ugløymelege røyst, som vert erstatta av mjuk vokal og akustiske gitarar. Prosjektet fungerer på sine eigne premissar og byr på ei fin lita stund.
Ward donerer det han tener på utgivinga, som han seier er inspirert av Holiday, Ray Ellis, J.J. Johnson, John Fahey og Robert Johnson, til Black Lives Fund. Tolkingar av songskattar er ikkje eit uvanleg grep når ein donerer til gode formål, og slik er også utgangspunktet for samlinga Going to Georgia (Merge), der ei rekkje artistar framfører songar frå og om musikkstaten Georgia til støtte for dei demokratiske kandidatane i det viktige senatsvalet 5. januar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.