Arkivet: The Monroes
The Monroes, med Eivind Rølles og Lage Fosheim, då dei spelte i Chateau Neuf 6. august 1984.
Foto: Tore Søraa / NTB scanpix
Tysdag 8. oktober vert det festkonsert på Rockefeller i Oslo, når eit breitt spekter med artistar kjem saman for å tolke og feire popmusikken Lage Fosheim og Eivind Rølles laga saman i The Monroes.
Sunday People – en hyllest til The Monroes ligg an til å verte ein konsert med trøkk i, sidan Svein Dag Hauge skal leie eit band med blåserekkje. Lista med artistnamn vitnar også om kor mangfaldig inspirasjonen frå The Monroes fortonar seg, og i kor mange retningar han har gått, for variasjonen er stor: Ole Paus, Anita Skorgan, Lars Kilevold, Kurt Nilsen, Espen Lind, Odd Nordstoga og Ravi kjem til å dukke opp på scenen i løpet av kvelden.
Både Fosheim og Rølles gjekk bort i 2013. Med The Monroes skreiv dei pophistorie – til saman selde duoen ca. 700.000 plater, og album som Sunday People (debuten frå 1983) og Face Another Day (1985) vart begge listetoppar. Knapt nokon som var i live i Noreg på midten av 1980-åra, kan ha unngått å høyre «Sunday People» og «Cheerio». Tysdag dukkar dei garantert opp, i ny drakt, i løpet av festkvelden på Rockefeller.
Øyvind Vågnes
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Tysdag 8. oktober vert det festkonsert på Rockefeller i Oslo, når eit breitt spekter med artistar kjem saman for å tolke og feire popmusikken Lage Fosheim og Eivind Rølles laga saman i The Monroes.
Sunday People – en hyllest til The Monroes ligg an til å verte ein konsert med trøkk i, sidan Svein Dag Hauge skal leie eit band med blåserekkje. Lista med artistnamn vitnar også om kor mangfaldig inspirasjonen frå The Monroes fortonar seg, og i kor mange retningar han har gått, for variasjonen er stor: Ole Paus, Anita Skorgan, Lars Kilevold, Kurt Nilsen, Espen Lind, Odd Nordstoga og Ravi kjem til å dukke opp på scenen i løpet av kvelden.
Både Fosheim og Rølles gjekk bort i 2013. Med The Monroes skreiv dei pophistorie – til saman selde duoen ca. 700.000 plater, og album som Sunday People (debuten frå 1983) og Face Another Day (1985) vart begge listetoppar. Knapt nokon som var i live i Noreg på midten av 1980-åra, kan ha unngått å høyre «Sunday People» og «Cheerio». Tysdag dukkar dei garantert opp, i ny drakt, i løpet av festkvelden på Rockefeller.
Øyvind Vågnes
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Å forveksla aggressor med forsvarar
«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»
Den nyfødde kalven.
Foto: Hilde Lussand Selheim
Ei ny Ameline er fødd
Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.